Datainnsamling og analysar
Sokkeldirektoratet har gjennomført eigne årlege tokt sidan 2018 for å kartlegge mineralforekomstane i djuphavet på norsk kontinentalsokkel. I tillegg har direktoratet deltatt på fleire vitskaplege samarbeidstokt sidan 2011.
Sokkeldirektoratet har mellom anna samarbeidd med Universitetet i Bergen (UiB) (2011-2021) og med Universitetet i Tromsø (UiT) (2020-2021).
Analysar
Geofysiske data og prøvar frå tokta blir analysert og tolka, og dannar grunnlaget for vidare vurdering og studiar av området.
Last ned analysar frå Sokkeldirektoratets datainnsamling knytt til sulfidavsetjingar (Excel, zip-fil)
Analyseresultat knytt til manganskorper kan bestillast frå professor Rolf B. Pedersen, Senter for dyphavsforskning ved Universitetet i Bergen: rolf.pedersen@uib.no
Unike data
Sidan 2018 har Sokkeldirektoratet samla inn 6818 linjekilometer med geofysiske havbotndata ved bruk av autonome undervassfarkostar, AUV-ar (autonomous underwater vehicle). AUV-ane er utstyrt med høgteknologiske sensorar som gir dataoppløysing på ned til centimeternivå på havbotnkarta.
Ny og effektiv teknologi blir tatt i bruk for å samle data, dette gjer det mogleg å dekke større areal på kortare tid.
Ein fjernstyrt undervassrobot, ROV (remotely operated vehicle), er blitt brukt i samarbeid med AUV-ane for å samle inn geologiske data og ta prøvar. For å dokumentere forholda på havbotnen og mineralførekomstar er det tatt store mengdar stillbilete og HD-video.
Sokkeldirektoratets kartleggingsprogram
Oppdatert: 19.08.2024