Regelverk

SODIR_REGELVERK-1920x1080px.png

Det rettslege rammeverket for havvind består av fleire ulike lover og forskrifter. Under er ei oversikt over det mest sentrale regelverket og ei beskriving av rollene til styresmaktene. ​

Myndigheita til å gi konsesjon til vindkraftverk til havs ligger hos Energidepartementet (ED). NVE – Norges vassdrags- og energidirektorat, hjelper ED med faglege råd i konsesjonsprosessen, og myndigheita til å godkjenne detaljplanar for anlegga ligger hos NVE. ​

Sokkeldirektoratets rolle er beskrive i tildelingsbrevet til direktoratet. Sokkeldirektoratet hjelper i tillegg ED i saker som fell inn under petroleumslova. ​

Havenergilova (lov av 4. juni 2010 nr. 21) fastset rammene for utnytting av område for fornybar energiproduksjon til havs. Havenergilovforskrifta, forskrift til havenergilova (fastsett ved kongelig resolusjon 12. juni 2020), gir ei detaljert regulering av forvaltinga av ressursane til havs, herunder en nærmare beskriving av prosessen for konsesjonsbehandlinga. ​

Vindkraftverk til havs som blir planlagt innanfor grunnlinja er omfatta av energilova (lov av 29. juni 1990 nr. 73). Anlegg som blir planlagt utanfor grunnlinja er omfatta av havenergilova. ​

Petroleumslova (lov av 18. juni 2021 nr. 89) kjem til bruk på petroleumsverksemd knytt til undersjøiske petroleumsførekomstar underlagt norsk jurisdiksjon. Innretningar som fell inn under havenergilova kan i einskilde tilfelle også falle inn under petroleumslova.

Vindkraftverk til havs vil normalt bli behandla etter havenergilova, men dersom vindkraftverket blir knytt til eit petroleumsfelt med kabel, må det også vurderast om det krev løyve eller godkjenning etter petroleumslova, mellom anna for eventuelle endringar som skal gjerast på dei feltinnretningane som skal forsynast frå vindkraftverket.

Dersom eit vindkraftanlegg bare blir knytt til petroleumsfelt, vil departementet vurdere om vindkraftverket skal behandlast etter petroleumslova og/eller havenergilova. Dersom eit vindkraftverk både blir knytt til  nettet på land og petroleumsfelt, blir det lagt til grunn at vindkraftverket vil bli regulert av havenergilova og ikkje petroleumslova. ​

For informasjon om anna relevant regelverk, sjå Energidepartementets (ED) veileder for arealtildeling, konsesjonsprosess og søknader for vindkraft til havs (pdf)

 

Kjelder

Veileder for arealtildeling, konsesjonsprosess og søknader for vindkraft til havs

Konsesjonsbehandling og lovverk, NVE

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 15.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00